tirsdag 28. april 2015

CQ 80 frå Skei ...


... de LA4KSA

Her har Steinar fått rigga seg til på 80, tuna Tarheel antenna og fått kontakt nordover. Litt svak rett nok, men begeistringa var stor tysdag kveld, då fem radioamatørar frå Firdagruppa hadde fyrste gløtt oppi kassa med nødsambandskit nr 1. 
Lettvint og fleksibelt. Vi måtte rettnok inni bilen til LA8VIA for å låne litt støyfri 12volt, så eit nettfilter på Honda aggregatet må nok til med det fyrste. Vi gler oss til neste runde med trening på utstyret. Winlink og pactor - we are well equipped!
-5VX

mandag 27. april 2015

Radioprat og kaffi på Skei tysdag kveld


Vi sler til med ein improvisert drop-in i vårregnet:

Radioprat m/kaffi på Esso Skei i morgon tysdag 28.4 kl 1930. Vi ser på nødsambandssettet vi har fått tildelt frå Gjensidigestiftinga og diskuterer litt omkring dette og anna. Skei er valt fordi det kan vere litt lettare å nå for dei i Nordfjord og Sogn. Vi vil sjølvsagt prøve å kome på lufta frå mobilantenna på 3.660 MHz

Epost er send ut til medlemmane.

-5VX

torsdag 23. april 2015

Nødsambandskit 1 på plass i Firdagruppa

Kjempejobb av Bergensgruppa som har sett saman tre naudsambandssett av midlane som vet tildelt frå Gjensidigestiftinga tidlegare i år. Eit av desse var tiltenkt Firdagruppa. I dag var LA3QR Helge og LA5VX Steinar ein tur til Bergen og fekk oversikt over utstyret, og sett 1 er førebels plassert i Førde. Utover våren og året skal det øvast med og brukast. 
Vi prøvar eit medlemsmøte neste veke der settet blir tema. 30 er siste torsdagen i april, men for underteikna høver det betre tysdag 28. Oppdatering kjem her. 
Helsing LA5VX Steinar.