mandag 17. september 2018

Vi deltok på Winlink øving

Firdagruppa var med på ei landsdekkjande winlink sambandsøving sist helg - 15-16.9 - med opr LA5VX delvis frå heime på 80 og 60m med sterk qrm, og seinare mobilt, då på alle band. Rettnok berre på den litt saktegåande modusen Winmor. Mobilt gjekk det greit å finne 'radiopostkasser' i Norge og europa ellers for utveksling av meldingar. Øvinga denne gongen hadde vekt på prosedyrer, meldingsformat og rutiner. Endel meldingar vart difor sendt over internett - 'Telnet Winlink' - for å spare litt tid.

Programmet Winlink Express (tidlegare RMS express) inneheld modus der ein ikkje treng anna enn PC og radio med internt eller eksternt lydinterface mot pc. Dette fungerer såleis greitt og enkelt for dei fleste, og krev ikkje ekstra investeringar. Ein kan også supplere med eksternt Pactor modem som gjev litt større datafart over radiosambandet.

Har du pc og kan køyre digimode over radio (rtty, fsk, mm) så kan du utan vidare køyre winlink med Winlink Express og f ex winmor eller ardop. Last gjerne ned programmet og prøv:

https://www.winlink.org/ ... downloads

http://www.sambandstjenesten.no/

Dersom det er ynskjeleg så tek vi gjerne ein klubbkveld med dette som tema.

Helsing LA5VX Steinar

Takk for hyggeleg samvær i Førde

Så hyggeleg at så mange radioamatørar frå gruppa tok turen innom LA5VX sitt 60-årsdags kalas onsdag 3. september. 

Så vidt eg kunne telje var vi 11 glade amatørar samla. Sidan alle medlemmane var bedne og praten gjekk såpass i radiofagleg mode må sjølvsagt denne samlinga protokollførast som eit medlemsmøte.

-de LA5VX Steinar