tirsdag 18. desember 2018

Digipeater Hafstadfjell

Digipeateren på Hafstadfjell er ute av drift.
Denne er freista reparert, men det gjekk dårleg. Reserveutstyr er i prøvedrift i låglandet ei veke eller to. Så erstattar vi fjellutstyret dersom prøvedrifta er god.
Denne midlertidige har signaturen LD6FD-2 og har posisjonsdata på Hafstadfjell men står i røynda nede i sentrum.

Det er ein Alinco 135 med internt open tracker 3 TNC kort frå Argent Data Systems. Den sender med middels effekt, dvs 10-15W
- LA5vx 7.3.19

lørdag 1. desember 2018

Triveleg julebord på Skei



Laurdag 1. desember var det duka til julebord på Skei for medlemmer av Firdagruppa med fylgje. Vi vart 12 og hadde ein triveleg kveld med god mat og godt drikke.