PS: Antenna på bilete høyrer ikkje til repeateren vår. |
Firdagruppa av NRRL
Firdagruppa av Norsk Radio Relé Liga er ein gjeng radioamatørar i deler av Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Meir info om denne fascinerande hobbyen finn du på NRRL sine sider www.nrrl.no
søndag 25. mai 2025
Sagtennene repeater STATUS
tirsdag 20. mai 2025
Digipeater i Stryn
Ny digipeater er oppe og går i Stryn. LD6ST. Den står på Svarstadveten i ca 600m, så den burde hjelpe på litt i området.
tirsdag 25. februar 2025
Norsk Hammeeting 2025
Hmmeetingen i år
Vi vart ein bra gjeng frå Firdagruppa og fjordfylket som møtte opp hjå Gardermoengruppa og Årets Hammeeting i år. Artig.Her ser vi LA8VIA Knut, LA5VX Steinar og LA3QR Helge som var klare for festmiddagen. Turen over fjellet tok også LB1HC, LA4XNA og LB6UD Øystein. Og LA3NUA Richard kom innom frå eit anna ærend.
Men det vart mykje meir enn mat og drikke. Christech, Simarud og fleire andre leverandørar i amatørradiobransjen hadde sett opp sitt utval. Så somme av oss fekk no handla litt.Bruktmarknaden var som alltid rikeleg med litt av kvart. Og mykje fekk nye eigarar her.
Laurdag var det to rom med fagleg påfyll i ulike kategoriar, og det var populært. North Hunt - samle kontaktar med alle kommunnar i Norge, Sverige, Danmark og Finland! Diverse organisasjons info, remote køyring, dx-ekspedisjons rapportar og mykje anna interessant.
Ei fin helg der vi fekk møte både kvarandre, og likesinna som hadde teke turen til Thon Gardermoen.
fredag 13. desember 2024
Radioamatørkurs 2025
Bli radioamatør!
No har du igjen sjansen å hive deg på opplæring til radioamatør. Bergensgruppen steller til kurs på nyåret 2025. Les meir om kurset på heimesidene til LA1B: https://www.la1b.no/kurs-2025/. Dette er eit nettbasert kurs som kan takast heimanfrå, og prøva kan igjennomførast hjå ein lokal godkjend radioamatør i nærleiken. Eller på den årlege samlinga til NRRL.
de LA5VX Steinar
fredag 21. juni 2024
Bremanger repeateren
Bremanger-repeater er QRV att !!!!!
Den har no CTCSS (subtone) på 123 Hz. og frekvensen er framleis 145,675 MHz
Digi har fått ny pos. høgare oppe. Berre å teste og melde tilbake kor den høyrest.
-s.
torsdag 23. november 2023
Repeater i Florø
Repeater i Florø.
No er både APRS og gamle 2m repeater i Florø på plass i den restaurerte hytta, og begge maskinene er QRV.
Repeateren står framleis med 82,5 Hz subtonesquelch. Den ville ikkje la seg opne med 123 Hz som er den nye standardtonen. Dette vil bli undersøkt nærare.
Takk til LA4XNA Kato som både har pusha prosjektet, og fått på plass igjen apparat og antenner.
PS: Den DMR repeateren som vi hadde oppe ei stund, er teken ned att og vurdert flytta til Nordfjord der det er meir igjennomreise.
de LA5VX Steinar @ 23. nov 23