søndag 14. juni 2026

LA6SRR er komen til fjells.

    DMR repeateren på Sagtennene LA6SRR er omsider komen på plass. Den går på 434,625MHz i dobbeltmodus, DMR CC1 og FM subtone 123 Hz.

    Med sine 20w til ei Celwave vertikal 3dB antenne bør den kunne rekke eit godt stykke her i midtre Nordfjord.

    Dette kartet syner den teoretiske dekninga. Kom gjerne med kommentar om korleis den virkar. 

    Sjå sida på brandmeister her.

 de LA5VX

lørdag 13. juni 2026

LoRa APRS

 Vi har litt LoRa APRS aktivitet i gruppa. Dette alternative APRS nettet går på 70cm 433,775 MHz, og ser ut til å ha ein imponerande rekkevidde sjølv med berre 100mW.  LA3NUA har ein gateway heime på Hestenesøyra i Nordfjord. LA5VX har ein i Førde, og LA8RTA kan du sjå på kartet i Florø. Det er på eksperimentstadiet, og du finn meir info om dette på nett. Eksempelvis: https://la9h.no/oppsummering-av-foredraget-om-oppsett-av-lora-aprs/

Tips: Vil du sjå berre LoRa APRS på aprs.fi kan du lage eit filter der Device= *LoRa*, sjå bilde.


fredag 13. mars 2026

Hammeetingen 2026

Hammeetingen på Gardermoen fekk ikkje så stort besøk frå Firdagruppa denne gongen. Berre LA5VX Steinar og LA3NUA Richard tok turen. Satsar på større representasjon neste år. Men også no var det mykje å sjå og hyggelege likesinna å prate med. For ikkje å snakke om interessante føredrag. Flott arrangert av Gardemogruppen av NRRL



 

torsdag 29. januar 2026

Årsmøte 2026

 Årsmøte

Vi minner om årsmøte 11.2.26. Sjå utsend innkalling.

73 de LA5VX Steinar 

søndag 25. mai 2025

Sagtennene repeater STATUS

PS: Antenna på bilete høyrer
ikkje til repeateren vår.
70cm repeateren som har hatt nokre år på Sagtennene mellom Lote og Nordfjordeid vart teken ned i dag. Den gjekk på 434,875 MHz men har stort sett ikkje vore brukande pga dårleg filter. I vinter har det vore nokolunde kvalitet i kulda, men når våren kjem og temperaturen stig, vert den heilt ubrukande. Så no er den avslått og fjerna.

Planen er å få på plass 70cm FM/DMR repeater på samme QTH. Denne står no nede på Lote i prøvedrift, med mobildatamodem. 

de LA5VX

tirsdag 20. mai 2025

Digipeater i Stryn

 Ny digipeater er oppe og går i Stryn. LD6ST. Den står på Svarstadveten i ca 600m, så den burde hjelpe på litt i området. 

tirsdag 25. februar 2025

Norsk Hammeeting 2025

Hmmeetingen i år 

Vi vart ein bra gjeng frå Firdagruppa og fjordfylket som møtte opp hjå Gardermoengruppa og Årets Hammeeting i år. Artig. 

Her ser vi LA8VIA Knut, LA5VX Steinar og LA3QR Helge som var klare for festmiddagen. Turen over fjellet tok også LB1HC, LA4XNA og LB6UD Øystein. Og LA3NUA Richard kom innom frå eit anna ærend. 

Men det vart mykje meir enn mat og drikke. Christech, Simarud og fleire andre leverandørar i amatørradiobransjen hadde sett opp sitt utval. Så somme av oss fekk no handla litt.

Bruktmarknaden var som alltid rikeleg med litt av kvart. Og mykje fekk nye eigarar her.

Laurdag var det to rom med fagleg påfyll i ulike kategoriar, og det var populært. North Hunt - samle kontaktar med alle kommunnar i Norge, Sverige, Danmark og Finland! Diverse organisasjons info, remote køyring, dx-ekspedisjons rapportar og mykje anna interessant.



Ei fin helg der vi fekk møte både kvarandre, og likesinna som hadde teke turen til Thon Gardermoen.