søndag 31. august 2014

Klar for utrykning


LI3NUA Richard er klar for improvisert QTH med sin nyinstallerte kuffort rig bygd rundt ein Icom IC-7100. QRV på null komma nix - også på epost over Winlink2000. 

Han viste den fram på gruppemøte på Førdekroa, der vi var mange samla denne siste torsdagen i august. 

Av fleire tema som vart diskuterte, var nrrl's field day neste helg. Der har LA9DK Reidar og Richard allereie sikta seg inn på qth Fjordhestgarden i Breim. Dei ynskjer fleire så det er berre å ta turen og bli med. 

de LA5VX Steinar. 

torsdag 21. august 2014

Gruppemøte torsdag 28.8 på Førdekroa

Medlemsmøte i radioamatørgruppa

Vi tek ei samling att torsdag 28. aug på Førdekroa kl 19:30. Skulle veret bli så fint at det kvalifiserer til ei ute samling, så blir det kunngjort her. 
-5VX

mandag 14. juli 2014

Echolink 68006 mot Førderepeater oppe att

Den er litt vanskeleg å få sendt dtmf signal til av ein eller Anna grunn. Kom gjerne med tilbakemelding om korleis den går. 

tirsdag 24. juni 2014

Sørlandssummar

Har slått oss til i Grimstad for nokon dager. Ikkje akkurat summartemperatur,
10-12 gr. Og for øgeblikket torden med haglbyger.
Har ikkje lukkast å få opp antenne og komme  lufta.

tirsdag 10. juni 2014

Her kjem ein statusrapport fraa VE7 land. (frå LA9DK Reidar)

Har treft ein del av HAMane her to gonger paa stamkafeen. Liten HF aktivitet her daa det er ekstremt daarlege conds. spesiellt til EUROPA. Har med meg handapparatet stort sett naar vi fartar rundt, men det er ikkje alle plassar der er god nok dekkning med berre 2.5 watt.. Legg ved eit bilde tatt idag fraa enden av gata der vi bur i West Kelowna (Sageview Road 3016) langt opp i lia over sentrum. Utsikt over sentrum med Mission Hill Vinery paa aastoppen midt i bildet, samt Lake Okanagan. Gruppestasjonen ligg omlag midt paa bildet paa andre sida av vatnet oeverste del av bebyggelsen. Over helga er det 14 dagar til vi drar heim. Vekslande vaer her , men fraa no skal vi visst faa 14 dagar med sommar 25 grader pluss. Hels gjengen paa moetet torsdag
73 s de Reidar

Reidar i Canada på APRS: LA9DK-14

fredag 30. mai 2014

Samling torsdag 5. juni

Vi satsar på samling torsdag 5. juni. Førdekroa 1930 dersom ikkje anna vert nemnt.
Steinar