Her ser du repeateren etter lynet som kom inn via jord. Poweret som stod oppå tok største støyten.
Firdagruppa av Norsk Radio Relé Liga er ein gjeng radioamatørar i deler av Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Meir info om denne fascinerande hobbyen finn du på NRRL sine sider www.nrrl.no
tirsdag 5. januar 2016
onsdag 16. desember 2015
Førde repeateren treft av lyn
Etter eit torever i førre veke vart repeateren stum som ein østers. Tysdag kveld i minusgrader og stjerneklårt turver tok LA4YPA Steffen og underteikna oss ein tur opp vegen til 706moh. Der kunne vi konstatere at maskina hadde fått seg ein karamell inn 12v ledningen. Sinnataggen hadde kome inn via lysnettet, sprengt eit 20A power som stod oppå kassa. Begge 12v/15A sikringane var blesne, likeeins sikringen bakpå repeateren. Vi prøvde med ein nytt power, men det var ikkje liv.
Gamlemaskina vart kopla på antenna att, og den kom etterkvart opp som i gamle dagar.
Yaesu DR-1 repeateren må nok inn til service, forhåpentlegvis er den reparerbar.
de LA5VX Steinar
Gamlemaskina vart kopla på antenna att, og den kom etterkvart opp som i gamle dagar.
Dvs: No er det 1750 tone som gjeld på Førderepeateren (eller *6 på dtmf).
Yaesu DR-1 repeateren må nok inn til service, forhåpentlegvis er den reparerbar.
de LA5VX Steinar
lørdag 7. november 2015
Bremanger repeater QRV
Bremanger repeateren på Steinsfjell er komen på lufta att på fjellet. Måløygruppa melder at den går no med full effekt - framleis på 145,675 MHz.
onsdag 28. oktober 2015
mandag 12. oktober 2015
Radiotreff på Bryggja 20-22. november
Fredag 22. november lagar vi eit lite radiotreff på Bryggja i Nordfjord. Det blir radioprat, kos og hyggeleg samvær. Vi tek heile helga til søndag 22. og tingar så mange hytter det trengs. Meld frå til LA4XNA Kato eller LA5VX Steinar. Epost til firdagruppa-at-gmail.com fungerer greit.
-de LA5VX
-de LA5VX
tirsdag 6. oktober 2015
Ny repeater i Førde
Ny maskin i LA5IR på Hafstadfjell.
Repeateren kan gå både i 2m bandet og 70cm bandet, og den er sett til 145,700 MHz som vi har hatt før.
Hugs å stille inn radioen med
subtone 82,5 Hertz.
Får å kunne gå ut over repeater MÅ du sende denne TX-subtonen, men RX-subtoneSQUELCH er ikkje nødvendig. På IARU møte i 2011 vart det bestemt at alle repeaterar over 30 MHz skal ha subtone både på RX og TX. Her i fylket er det 82,5 Hz
1750 tone virkar ikkje lenger.
Om vi får denne repeater inn i Yaesu System Fusion nettverk vil tida vise. Status pr i dag er at den er frittståande som før.
For meir info om System Fusion, sjå info på Yaesu sine sider. http://www.yaesu.com/
-LA5VX 7.10.15

fredag 21. august 2015
Vaffel og Radioprat torsdag
UTSETT:
Torsdag 27. august - siste torsdag i august folkens!
Dersom veret er greit satsat vi på ei lita samling på Svidalsneset i Jølster kl 1800. Der får vi opp litt antenner og vaffeljern forhåpentlegvis.
SISTE: Det vert meldt regn og mange har meldt fråfall så vi tek det att ved høve.
Kaffi på Førdekroa kl 1930 for dei som har lyst til radioprat over ein kaffikopp.
-LA5VX