mandag 13. juni 2016

Ny subtone 82,5 Hz på Førde repeateren

Når Yaesy repeateren kjem opp att på Hafstadfjell vil den i analog FM mode måtte opnast med subtone (CTCSS)
  82,5 Hz
som er fastsett av NRRL for oss som er i sone 6. Sjå https://www.nrrl.no/repeater-subtoner på NRRL sine sider.
*6 eller 1750 vil ikkje virke på Yaesu repeater.
Vi set den i auto/auto.

- LA5VX Steinar

tirsdag 26. april 2016

UTSETT: radiokaffi torsdag

Siste torsdag i månaden er her igjen. Vi må nok utsette radiokaffien litt denne kvelden. Høver dårleg for dei fleste. Nytt tidspunkt vert kunngjort her. 
 -de LA5VX Steinar

lørdag 9. april 2016

Hammeeting 2016

Årets Hammeeting i Letohallen fekk besøk av LA3NUA, LA8VIA, LA4KSA og underteikna LA5VX t.v.
Kjempejobb av Gardermogruppen som i mange år har stelt i stand dette treffet her litt nord for flyplassen.

onsdag 9. mars 2016

Takk for frammøte på årsmøte

Takk til alle som møtte fram på årsmøte. Referat og kontigentvarsel er sendt ut. 

I dag - onsdag 9. mars - kunne ChrisTech melde at repeateren ser ut til å vere friskmeld. Nytt kontrollerkort er montert, og alt ser ut til å virke greit. Den kjem til Førde i neste veke og så får vi sjå når den får kome på fjellet att. 

- Steinar

søndag 31. januar 2016

Årsmøte i Firdagruppa av NRRL 2016

ONSDAG 24. februar kl 19:00
Stad: Runnaleitet 19 i Førde (heime hjå LA5VX)

Saker til behandling må vere kome styret i hende innan søndag 21.2.

PS: No har gamlerepeateren på 145,700 i Førde livna til att. Med 1750 tone som i gamle dagar. 

Helsing formannen LA5VX Steinar

lørdag 16. januar 2016

Pass opp for denne


Og då spesielt denne:

Denne lagar kraftig støy på 80m her hjå meg. 

de LA5VX