torsdag 16. januar 2014

Samling torsdag 30. kl.1930 på Førdekroa

2014 er i gang, og etter alle solemerke er siste torsdag i januar den 30. Vi samlast på Førdekroa til kaffi og prat om radioteknikk m.m. kl. 1930.
-5VX

søndag 5. januar 2014

Echolink i Førde oppe att.

Echolink noden i Førde er på veg opp att. Takk til LA4XNA som donerte hardware i form av ein eldre MacMini som har fått seg Windows7/64 bits os.
Noden står etterkvart på 145,700 MHz duplex mot repeater på Hafstadfjell. Den har nummer 68006.
-5VX

onsdag 4. desember 2013

Vellukka radiotest i Sogn og Fjordane.


Takk for god innsats under sambandstesten. 

Etter ein del førebuingar og entusiastisk innsats, fekk vi demonstrert for Fylkesberedskapssjefen i Sogn og Fjordane at vi radioamatørane - om enn ikkje så mange - her i fylket vårt kan tilby uvurderleg hjelp når alt anna av kommunikasjon fell bort.

Den 3. desember kl 10:00 sat vi klare med radioamatørstasjonar på stadane Nordfjordeid, Sogndal, Florø, Sandane, Leikanger og Førde. Trass mykje lokal støy frå lokalitetane vi rigga oss til i, hadde vi godt brukande samband mellom alle punkt. Erfaringa gjev inspirasjon til vidare planer om å få på plass rutiner og utstyr til nødsamband.

Demonstrasjonen fekk brei omtale i media. Her er lenkjer til nokre av sakene: