fredag 28. november 2014

Snart jul!

Takk for bra frammøte på siste torsdagen i november. Julesamling i desember. Detaljar kjem på e-post!

fredag 21. november 2014

Novembersamling - gruppetreff torsdag 27.11

Om ikkje anna vert nemt her så blir det som vanleg radiotreff på Førdekroa torsdag 27. november kl 1930. Stay tuned. -5VX

søndag 7. september 2014

Morkatreff


Vil gjere merksam på info frå våre vener i nord:

MORKTREFFET 2014

Tid: Lørdag 18. oktober kl 10.00
Sted: Røde Kors huset i Ørsta, Strandgata 21.

Sjå epost som alle medlemmane skal ha fått.

-5vx

søndag 31. august 2014

Klar for utrykning


LI3NUA Richard er klar for improvisert QTH med sin nyinstallerte kuffort rig bygd rundt ein Icom IC-7100. QRV på null komma nix - også på epost over Winlink2000. 

Han viste den fram på gruppemøte på Førdekroa, der vi var mange samla denne siste torsdagen i august. 

Av fleire tema som vart diskuterte, var nrrl's field day neste helg. Der har LA9DK Reidar og Richard allereie sikta seg inn på qth Fjordhestgarden i Breim. Dei ynskjer fleire så det er berre å ta turen og bli med. 

de LA5VX Steinar. 

torsdag 21. august 2014

Gruppemøte torsdag 28.8 på Førdekroa

Medlemsmøte i radioamatørgruppa

Vi tek ei samling att torsdag 28. aug på Førdekroa kl 19:30. Skulle veret bli så fint at det kvalifiserer til ei ute samling, så blir det kunngjort her. 
-5VX

mandag 14. juli 2014

Echolink 68006 mot Førderepeater oppe att

Den er litt vanskeleg å få sendt dtmf signal til av ein eller Anna grunn. Kom gjerne med tilbakemelding om korleis den går.