tirsdag 28. april 2015

CQ 80 frå Skei ...


... de LA4KSA

Her har Steinar fått rigga seg til på 80, tuna Tarheel antenna og fått kontakt nordover. Litt svak rett nok, men begeistringa var stor tysdag kveld, då fem radioamatørar frå Firdagruppa hadde fyrste gløtt oppi kassa med nødsambandskit nr 1. 
Lettvint og fleksibelt. Vi måtte rettnok inni bilen til LA8VIA for å låne litt støyfri 12volt, så eit nettfilter på Honda aggregatet må nok til med det fyrste. Vi gler oss til neste runde med trening på utstyret. Winlink og pactor - we are well equipped!
-5VX

mandag 27. april 2015

Radioprat og kaffi på Skei tysdag kveld


Vi sler til med ein improvisert drop-in i vårregnet:

Radioprat m/kaffi på Esso Skei i morgon tysdag 28.4 kl 1930. Vi ser på nødsambandssettet vi har fått tildelt frå Gjensidigestiftinga og diskuterer litt omkring dette og anna. Skei er valt fordi det kan vere litt lettare å nå for dei i Nordfjord og Sogn. Vi vil sjølvsagt prøve å kome på lufta frå mobilantenna på 3.660 MHz

Epost er send ut til medlemmane.

-5VX

torsdag 23. april 2015

Nødsambandskit 1 på plass i Firdagruppa

Kjempejobb av Bergensgruppa som har sett saman tre naudsambandssett av midlane som vet tildelt frå Gjensidigestiftinga tidlegare i år. Eit av desse var tiltenkt Firdagruppa. I dag var LA3QR Helge og LA5VX Steinar ein tur til Bergen og fekk oversikt over utstyret, og sett 1 er førebels plassert i Førde. Utover våren og året skal det øvast med og brukast. 
Vi prøvar eit medlemsmøte neste veke der settet blir tema. 30 er siste torsdagen i april, men for underteikna høver det betre tysdag 28. Oppdatering kjem her. 
Helsing LA5VX Steinar. 

onsdag 18. mars 2015

SYSTEM FUSION ER ONLINE I FLORØ

Hei alle.

Da har LA4XNA satt opp ein System Fusion Node i Florø.

Freq er 145.400 med TSQL 88,5.
Rekkevidden er testet, fra Knappstad er stabil kontakt.
Fra Magnihild skaret er det også stabil kontak.

Oppsettet er som følger.
1 stk pc som Wires-x boksen er koblet til
1 stk FTM-400 2/70 radio er koblet til Wires-X boksen.
Pc er på internett og kjører Wires-X software som har automatisk oppkobling til det nasjonale rommet. 
pr i dag er det 11 totalt registrerte brukere i Norge men flere kommer.

Legger ved noen linker for mer info




tirsdag 3. februar 2015

Årsmøte Firdagruppa av NRRL

Firdagruppa av NRRL vil med dette kalle inn til årsmøte 

 SØNDAG 8. MARS 2015 kl 1600 på Sandane. 

  OBS: ny dato: 8. mars.

 Epost med innkalling, sakliste og rekneskap er send ut til medlemane. Vi håpar så mange som råd tek turen. 

Talk-In på 145,500 MHz

Ope medlemsmøte umiddelbart etter årsmøte. Kato fortel litt om Yaesu og digital mode (system fusion). Kanskje også nokre bilete frå LA9DK.

 Mona Lisa pizzeria og restaurant er staden for eventuell middag i etterkant..

Vel møtt.

 styret v/LA5VX Steinar

tirsdag 20. januar 2015

Hugs torsdagskvelden og medlemsmøte

Vi samlast som normalt siste torsdag i månaden. 1930 på Førdekroa dersom ikkje anna er avtalt. 29. januar altså. Vel møtt. de LA5VX Steinar.