søndag 31. januar 2016

Årsmøte i Firdagruppa av NRRL 2016

ONSDAG 24. februar kl 19:00
Stad: Runnaleitet 19 i Førde (heime hjå LA5VX)

Saker til behandling må vere kome styret i hende innan søndag 21.2.

PS: No har gamlerepeateren på 145,700 i Førde livna til att. Med 1750 tone som i gamle dagar. 

Helsing formannen LA5VX Steinar

lørdag 16. januar 2016

Pass opp for denne


Og då spesielt denne:

Denne lagar kraftig støy på 80m her hjå meg. 

de LA5VX


tirsdag 5. januar 2016

Yaesu repeater etter lynvisitt

Her ser du repeateren etter lynet som kom inn via jord. Poweret som stod oppå  tok største støyten. 

Men oppi var det heldigvis ikkje like svart. Både RX og TX såg rimeleg uskadde ut. 

Ei perle av smelta metall på toppen - der hadde det vore overslag frå minus ledning inne i kabinett til poweret igjennom topplata. 

Litt brent på kontrollerkortet - med litt flaks så var det berre dette som gikk. 


Stay tuned - vi får den nok på lufta igjen i løpet av januar.
 
De LA4YPA og LA5VX


onsdag 16. desember 2015

Førde repeateren treft av lyn

Etter eit torever i førre veke vart repeateren stum som ein østers. Tysdag kveld i minusgrader og stjerneklårt turver tok LA4YPA Steffen og underteikna oss ein tur opp vegen til 706moh. Der kunne vi konstatere at maskina hadde fått seg ein karamell inn 12v ledningen. Sinnataggen hadde kome inn via lysnettet, sprengt eit 20A power som stod oppå kassa. Begge 12v/15A sikringane var blesne, likeeins sikringen bakpå repeateren. Vi prøvde med ein nytt power, men det var ikkje liv.
Gamlemaskina vart kopla på antenna att, og den kom etterkvart opp som i gamle dagar.

Dvs: No er det 1750 tone som gjeld på Førderepeateren (eller *6 på dtmf).


Yaesu DR-1 repeateren må nok inn til service, forhåpentlegvis er den reparerbar.

de LA5VX Steinar

lørdag 7. november 2015

Bremanger repeater QRV

Bremanger repeateren på Steinsfjell er komen på lufta att på fjellet. Måløygruppa melder at den går no med full effekt - framleis på 145,675 MHz. 

onsdag 28. oktober 2015

Hugs radiotreff 1930

Siste torsdag i oktober - dvs medlemsmøte på Førdekroa kl. 1930 torsdag. 
-5VX