tirsdag 21. september 2021

JOTA-JOTI 2021

 Hei alle radioamatører i gruppa.  Vi har også i år fått forespørsel om å stille med radioamatører på arets JOTA-JOTI.

Har du mulighet til å delta, så gi beskjed til Richard 98222092 eller til Steffen snarest.

Årets JOTA-JOTI foregår 16-17 oktober.

Mer penger på konto.

 Nok en gang har vi fått inn grasrotmidler fra Norsk Tipping.

Denne gang var det kr. 1543,- som kom inn  på konto.

lørdag 8. mai 2021

Hyggeleg årsmøte

Ikkje alle frammøtte 'dukka opp' på benken.
 Takk til alle som fann fram Skypen og var med på årsmøte via data'n. Ikkje fysisk møte i år, men vi er optimistar og håpar på at neste år skal bli betre og meir normalt. Oppmoding til å halde medlemskapet ved like, er sendt ut til medlemmane på e-post.

Status på fjelltopp installasjonane i Firda (etter mine erfaringar):

- Førderepeateren, Hafstadfjell (FM/fusion) på 145,700 (subtone 82,5Hz) virkar greit, men treng sikkert ettersyn med coax mm

- 70cm repeateren på Sagtennene (FM/fusion) - 434,875 MHz (subtone 82,5Hz) er så plaga med desensing at den er ikkje brukande. Står på ToDo lista. Men den svarar når ein opnar på begge modes.

- Bremanger 145,675 / 82,5Hz (FM/fusion) virkar litt døv og treng muligens ettersyn den også?

- Gulen 145,775 / 97,4 Hz er blitt uhyre tunghøyrt den seinare tida, men virkar forsåvidt.

- Digipeater på Hafstadfjellet er uendra, men har desverre dårleg rekkevidde.

- Digipeater på Sagtennene er qrt.

- Digipeater på Storehogen i Sogndal er OK trur eg.


3665 kHz kl 2000 kveldane er staden vi møtest oftast.  Og laurdag føremiddag kl 10:00 er enno sikrare. 


8.5.21 LA5VX Steinar

tirsdag 20. oktober 2020

Torsdagstreff

 Drop-in

Vi radioamatørane i Firdagruppa prøvar å ta opp att tradisjonen med eit lite samkome siste torsdag i kvar månad. I desse koronatider må vi sjølsagt ha meteren i bakhovudet heile tia. Og sidan Førdekroa er historie, tenkte vi at kafeen i Førdehuset kunne vere eit alternativ.

Så torsdag 29.10 kl 18:30 tek dei som kan av oss, ein tur til kafeen der for ein liten prat og kanskje ein kaffitår.

Helsing Firdagruppa av NRRL v/LA5VX Steinar

søndag 26. april 2020

Korona conds

Frå aktivering av toppen Hatlelifjell (781m)
LA-SF416 ein blank laurdag i april.
Ekstra hyggeleg i desse korona tider er det vel at vi radioamatørane i Firda møtest rundt 3665 kl 10:00 laurdagane. Og mange har nok for lengst notert seg at 3665 gjeld også kveldane kl 20:00.
Denne sommaren vert det naturleg nok ikkje fysiske samlingar i gruppa, men det letnar vel utpå hausten.

I mellomtida kan no dei friluftsinteresserte kose seg med å ta med riggen ut i det fri. Ned i naustet, oppå støylen, eller på ein SOTA topp. Jamfør artikkel av LA9DSA Knut i Amatørradio nr 2/2020 der han omtalar denne delen av hobbyen.

Referat frå årsmøte skal alle ha fått elektronisk. Eg sender ut oppmoding om å betale årsmedlemskapen i gruppa for 2020. Nokre har allereie betalt, og det er bra.

73 de LA5VX

onsdag 19. februar 2020

Årsmøte i Firdagruppa, 8. mars 2020 kl. 15.00 på Mona Lisa på Sandane

Da er det igjen tid for årsmøte.  Årets utgave går for seg på Mona Lisa restaurant på Sandane, i 2. etg.

Vi starter møtet 8. mars 2020 kl. 15.00.

Invitasjon er sendt på e-post.  Har du ikke fått e-post, så send meg en melding på: rschumann@online.no.

Mvh
Richard

onsdag 13. november 2019

JULEBORD

Vi møtest til juleavslutning i Firdagruppa på Skei i Jølster laurdag 7. desember 2019 kl 1900.

Meir info er sendt ut på epost.

styret v/LA5VX Steinar