torsdag 30. mai 2019

Førde repeater på lufta att.

Repeateren på Hafstadfjell - 145,7 MHz - er oppe att og ser ut til å virke normalt. Dette er den opprinnelege repeateren av typen DR-1X, 'gamleversjonen' altså. Den vart reparert etter eit lynnedslag. Takk til LA3QR for fjellturen.
4.6.19
Repeater i Førde på 145.700 er framleis ute av drift. Vi ventar på høve til å kome opp.

tirsdag 23. april 2019

Torsdagsmøte på Førdekroa.

Siste torsdag i månaden er den faste dagen for samling på Førdekroa viss ikkje anna er avtalt. 

torsdag 21. februar 2019

Årsmøte i Firdagruppa LA6F

Hei alle sammen.

I år blir årsmøtet i Firdagruppa avholdt på Mona Lisa Restaurant på Sandane, søndag 17. mars kl. 13.30 i 2. etg.

Etter årsmøtet går vi ned i 1. etg for bespisning og sosialt samvær.
Meld fra til LA3NUA Richard på sms på 98222092 eller rschumann@online.no hvis du ikke har meldt deg på allerede.

Påmeldingen er for å få reservert nok bord til middagen.

73 de LA3NUA Richard

tirsdag 18. desember 2018

Digipeater Hafstadfjell

Digipeateren på Hafstadfjell er ute av drift.
Denne er freista reparert, men det gjekk dårleg. Reserveutstyr er i prøvedrift i låglandet ei veke eller to. Så erstattar vi fjellutstyret dersom prøvedrifta er god.
Denne midlertidige har signaturen LD6FD-2 og har posisjonsdata på Hafstadfjell men står i røynda nede i sentrum.

Det er ein Alinco 135 med internt open tracker 3 TNC kort frå Argent Data Systems. Den sender med middels effekt, dvs 10-15W
- LA5vx 7.3.19

lørdag 1. desember 2018

Triveleg julebord på Skei



Laurdag 1. desember var det duka til julebord på Skei for medlemmer av Firdagruppa med fylgje. Vi vart 12 og hadde ein triveleg kveld med god mat og godt drikke. 


mandag 17. september 2018

Vi deltok på Winlink øving

Firdagruppa var med på ei landsdekkjande winlink sambandsøving sist helg - 15-16.9 - med opr LA5VX delvis frå heime på 80 og 60m med sterk qrm, og seinare mobilt, då på alle band. Rettnok berre på den litt saktegåande modusen Winmor. Mobilt gjekk det greit å finne 'radiopostkasser' i Norge og europa ellers for utveksling av meldingar. Øvinga denne gongen hadde vekt på prosedyrer, meldingsformat og rutiner. Endel meldingar vart difor sendt over internett - 'Telnet Winlink' - for å spare litt tid.

Programmet Winlink Express (tidlegare RMS express) inneheld modus der ein ikkje treng anna enn PC og radio med internt eller eksternt lydinterface mot pc. Dette fungerer såleis greitt og enkelt for dei fleste, og krev ikkje ekstra investeringar. Ein kan også supplere med eksternt Pactor modem som gjev litt større datafart over radiosambandet.

Har du pc og kan køyre digimode over radio (rtty, fsk, mm) så kan du utan vidare køyre winlink med Winlink Express og f ex winmor eller ardop. Last gjerne ned programmet og prøv:

https://www.winlink.org/ ... downloads

http://www.sambandstjenesten.no/

Dersom det er ynskjeleg så tek vi gjerne ein klubbkveld med dette som tema.

Helsing LA5VX Steinar

Takk for hyggeleg samvær i Førde

Så hyggeleg at så mange radioamatørar frå gruppa tok turen innom LA5VX sitt 60-årsdags kalas onsdag 3. september. 

Så vidt eg kunne telje var vi 11 glade amatørar samla. Sidan alle medlemmane var bedne og praten gjekk såpass i radiofagleg mode må sjølvsagt denne samlinga protokollførast som eit medlemsmøte.

-de LA5VX Steinar