onsdag 16. desember 2015

Førde repeateren treft av lyn

Etter eit torever i førre veke vart repeateren stum som ein østers. Tysdag kveld i minusgrader og stjerneklårt turver tok LA4YPA Steffen og underteikna oss ein tur opp vegen til 706moh. Der kunne vi konstatere at maskina hadde fått seg ein karamell inn 12v ledningen. Sinnataggen hadde kome inn via lysnettet, sprengt eit 20A power som stod oppå kassa. Begge 12v/15A sikringane var blesne, likeeins sikringen bakpå repeateren. Vi prøvde med ein nytt power, men det var ikkje liv.
Gamlemaskina vart kopla på antenna att, og den kom etterkvart opp som i gamle dagar.

Dvs: No er det 1750 tone som gjeld på Førderepeateren (eller *6 på dtmf).


Yaesu DR-1 repeateren må nok inn til service, forhåpentlegvis er den reparerbar.

de LA5VX Steinar