torsdag 23. november 2023

Repeater i Florø

Repeater i Florø.

No er både APRS og gamle 2m repeater i Florø på plass i den restaurerte hytta, og begge maskinene er QRV. 

Repeateren står framleis med 82,5 Hz subtonesquelch. Den ville ikkje la seg opne med 123 Hz som er den nye standardtonen. Dette vil bli undersøkt nærare.

Takk til LA4XNA Kato som både har pusha prosjektet, og fått på plass igjen apparat og antenner.

PS: Den DMR repeateren som vi hadde oppe ei stund, er teken ned att og vurdert flytta til Nordfjord der det er meir igjennomreise.

de LA5VX  Steinar @ 23. nov 23

onsdag 25. oktober 2023

JOTA - Jamboree On The Air

 Jota på Teigen i Kinn 21. oktober

Litt førehandsopplæring før radiobordet.
   100 speidarar og foreldre var samla på Teigen denne laurdagen. Teigen er ein leirstad nede ved fjorden litt sørvest for Eikefjord aust for Florø. Her er det god plass til både folk og antenner. 
  60 speidarar frå Nordfjord, Sunnfjord, Sogn og Bergen, i tillegg til seniorspeidarar og foreldre, gjorde det til ei stor samling. Og Firdagruppa stilte med LA5VX Steinar for JOTA aktivitet som ein av fleire aktivitetar på leiren. Mange fekk fullført sine 6 QSO'ar, av dei ein utenlandsk. Sterk vind, men antennemasta for ein 2x19,5m dipol stod imot. Eg hengde også ei 20m dipol opp, og den var grei om dagen, men mykje qrm og contest om kvelden. Ein del støy frå noko internettutstyr som var medbrakt i samband med JOTI (Jamboree On The Internett). Eg kjende att støyen frå samlinga i fjor på Allværa i Sogn. 

   Vi hadde grupper på 10 speidarar, noko som kanskje var for mange i den settingen. Trur grupper på fem vil vere meir nyttig for alle. Men mange fekk som sagt igjennomført alle seks qso'ar og vart kjempefornøgde.

80 meter kontakt på gang.


   Eg måtte dra vidare søndag morgon, men håpar vi kan stille mannskap også neste år. Mange glade unge speidarar som kanskje vart litt meir radiointeresserte.

Beste helsing LA5VX Steinar



onsdag 16. august 2023

Field Day

 Snart er det september og NRRL field day. Vi er nokre som tenkte å samlast på Nesje Fort ytst i Sognefjorden og heise opp nokre antenner. Håpar fleire kan ta turen. Det er helga 2-3.septemberhttps://nrrl.no/nyheter/er-du-klar-for-arets-field-day-2-3-september-2023/

Om Nesje fort QTH kan du lese meir her: https://nesjefort.no/ - det er høve til å leige seg inn på hytte dersom det er ledig, men då må ein ringe og høyre. Ellers må vel overnattinga skje i medbrakte faciliteter.

73 de LA5VX Steinar