søndag 26. april 2020

Korona conds

Frå aktivering av toppen Hatlelifjell (781m)
LA-SF416 ein blank laurdag i april.
Ekstra hyggeleg i desse korona tider er det vel at vi radioamatørane i Firda møtest rundt 3665 kl 10:00 laurdagane. Og mange har nok for lengst notert seg at 3665 gjeld også kveldane kl 20:00.
Denne sommaren vert det naturleg nok ikkje fysiske samlingar i gruppa, men det letnar vel utpå hausten.

I mellomtida kan no dei friluftsinteresserte kose seg med å ta med riggen ut i det fri. Ned i naustet, oppå støylen, eller på ein SOTA topp. Jamfør artikkel av LA9DSA Knut i Amatørradio nr 2/2020 der han omtalar denne delen av hobbyen.

Referat frå årsmøte skal alle ha fått elektronisk. Eg sender ut oppmoding om å betale årsmedlemskapen i gruppa for 2020. Nokre har allereie betalt, og det er bra.

73 de LA5VX