torsdag 20. oktober 2022

Jota på Alværa 2022

 Speidarane på lufta.

    Den 15. og 16. oktober var 65 speidarar frå 5 grupper samla på Alværa ved Sognefjorden for å mellom anna få sitt ettetrakta radiomerke. Kravet var ulike kunnskapar og kompetanse i høve amatørradio. LA4YPA Steffen og LA5VX Steinar var på plass tidleg laurdag og fekk opp ein 80m dipol. Og trass mykje lokal støy, rimelegvis frå ein installasjon i huset, fekk alle oppnådd QSO med 4 norske stasjonar. 
    Men av dei minimum 5 qso'ane måtte det vere minst ein utenlandsk. Og her kom 80m dipolen til kort. Den innebygde tuneren i Icom IC7300 klarte ikkje å tune opp dei høgare frekvensane. Så då vart ut-effekten ikkje rare greiene.
    Søndagen skrudde vi saman ei buddipole antenne for 20 meteren og sette oppetter ei furu. Og den gjorde susen. Sjølvaste hovudstasjonen i Luxembourg slo inn med 59+ i to økter, og alle fekk seg ein utlending. Mange stolte ansikt som varma oss radioamatørane. Det vart ei hyggeleg samling, og sanneleg vart det ikkje merke på oss også.

Steinar LA5VX