onsdag 25. oktober 2023

JOTA - Jamboree On The Air

 Jota på Teigen i Kinn 21. oktober

Litt førehandsopplæring før radiobordet.
   100 speidarar og foreldre var samla på Teigen denne laurdagen. Teigen er ein leirstad nede ved fjorden litt sørvest for Eikefjord aust for Florø. Her er det god plass til både folk og antenner. 
  60 speidarar frå Nordfjord, Sunnfjord, Sogn og Bergen, i tillegg til seniorspeidarar og foreldre, gjorde det til ei stor samling. Og Firdagruppa stilte med LA5VX Steinar for JOTA aktivitet som ein av fleire aktivitetar på leiren. Mange fekk fullført sine 6 QSO'ar, av dei ein utenlandsk. Sterk vind, men antennemasta for ein 2x19,5m dipol stod imot. Eg hengde også ei 20m dipol opp, og den var grei om dagen, men mykje qrm og contest om kvelden. Ein del støy frå noko internettutstyr som var medbrakt i samband med JOTI (Jamboree On The Internett). Eg kjende att støyen frå samlinga i fjor på Allværa i Sogn. 

   Vi hadde grupper på 10 speidarar, noko som kanskje var for mange i den settingen. Trur grupper på fem vil vere meir nyttig for alle. Men mange fekk som sagt igjennomført alle seks qso'ar og vart kjempefornøgde.

80 meter kontakt på gang.


   Eg måtte dra vidare søndag morgon, men håpar vi kan stille mannskap også neste år. Mange glade unge speidarar som kanskje vart litt meir radiointeresserte.

Beste helsing LA5VX Steinar